Veidar AS er Årets Bedrift 2010 i Giske

Torfinn Ulla mottok prisen Årets Bedrift i Giske 2010 frå varaordførar Odd Egil Valderhaug på kommunestyremøtet i Giske tysdag kveld.

Marit Røyset framførte juryen sitt val og grunngjeving for prisen, sjå vedlagte fil under artikkelen.

Publisert av Wang, Henrik. Sist endra 23.03.2011

Prisen som Årets Bedrift i Giske vart delt ut for 3. gong i eit samarbeid mellom kommune og Giske næringslag ved Giske kommunestyre sitt møte 22. Mars. Tidlegare vinnarar er Valumin AS (2009) og Offshore Trawl Supply AS (OTS) (2008).

Juryen har drøfta eit ti-tals kandidatar og slutta seg einstemmig til prisvinnaren, reiarlaget Veidar AS, som med sin nye autolinebåt M/S Veidar 1 frå Geilevika på Godøya vart heidra som Årets Bedrift 2010 i Giske kommune. M/S Veidar 1 er ei nysatsing for reiarlaget som investerte om lag 95 mill kr i nytt fartøy i fjor - det er lenge sidan nokon bedrift i Giske har satsa så mykje!

Prisen var i år eit kunstverk av Godøy-kunstnaren Ann Katrin Alnes kalla "Vær og vind" . Saman med eit diplom vart prisen delt ut av varaordførar Odd Egil Valderhaug og jurymedlem Marit A. Røyset  til reiarlaget sin representant Torfinn Ulla.